View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Jerna Vis innlegg
Vidarlo : tenker du på forslagene til bostøtte og slikt? Eller tenker du på andre former for kraftproduksjon?
Vis hele sitatet...
Til dømes bustøtte ja - men og målretta tilskotsordninger for låginntektsgrupper slik at dei kan redusere straumutgiftene. Mange med dårleg råd ender de facto opp i leigesituasjon, der utleigar har lite incitement til å utbetre kåken, ettersom energikost er leigetakar sitt problem.

Å derimot sponse straum til dei som har god råd, slik som meg, er aktiviteter samfunnet godt kan spare seg for. Tvert imot bør prisen vere såpass at eg har gode grunner for å redusere bruken.

I praksis er realiteten at dei fleste med full jobb kan gjere tiltak som har nedbetalingstid på 5-10 år, sjølv om det kanskje koster hundre tusen. Låne opp litt på bolig, for eksempel, kan vere lønnsomt for enkelte tiltak for å redusere oppvarmingskost. Om du derimot har dårleg råd, har du i praksis ikkje den mogelegheita; du kan ikkje skaffe 100k. Og ofte vert det forsterka av at dei som er fattige ofte må greie seg med bygninger som er eldre, dårlegare vedlikeheldne og mindre oppgraderte enn bygninger der meir velståande bur.

Heile saka er strengt tatt ein variant av klassikeren om at det er dyrt å vere fattig.
Sist endret av vidarlo; 21. oktober 2021 kl. 12:43. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.