Tråd: Anti-hacking
View Single Post
Gyps bengalensis
vidarlo's Avatar
Administrator
Kunnskap.

Det finst ikkje automagisk silver bullet som gjer deg trygg. Om det fanst hadde det vore brei konsensus på fagfeltet.

Du må lære deg å forstå risiko, og korleis du kan unngå risikoen. Ein del av det er å faktisk stoppe metadata-lekkasjer ved å unngå å bruke samme nettleser (!!!) og samme operativsystem til ulike aktiviteter. Fordelen med t.d. tails køyrt frå CD er jo at du er garantert at ikkje eventuell malware vil overleve over reboot, ettersom mediet er read-only. I tillegg kan du lage deg ei liste over prosesser som køyrer ved boot, og sjekke rimelig enkelt gjennom etter nye prosesser. Det er verre når OSet ikkje vert tilbakestilt for kvar gong.

I tillegg er det kuriøst at du hevder android studio ikkje finst for linux. Og når det gjeld python er jo det milevis enklare dyr å kjæle med på unix-platformer enn windows.