View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Pentiax Vis innlegg
Hvis du leser mitt første innlegg så står meningen min om 9/11 der, som i korte trekk var at administrasjonen visste om terrorplanene på forhånd.
Vis hele sitatet...
Det er relativt lite som tyder på det. Rett nok hadde amerikansk etteretning alle bitane i puslespillet, men dei hadde ikkje ressursar til å legge alle tenkjelege og utenkjelege puslespel. Difor vart ikkje informasjonen gjennomgått før etter angrepa - og det var enkelt å trekke linjer frå kjente kaprarar til Al Qaeda.

Hugs at veldig mange amerikanske konspirasjoner vert avslørt rimeleg kjapt. Iran-Contra er eit døme. Watergate eit anna. "Let it happen on purpose" som det du refererer til er omtalt som ville vore eit politisk jordskjelv i eit USA som er nasjonalistisk anlagt.

Ein kan godt sei at etteretninga var inkompetent som ikkje oppdaga spora i materialet dei hadde tilgang på, men det er ein viss skilnad på aktløyse og overlegg. Og så langt har eg ikkje sett spesielt god underbygging av LIHOP.