View Single Post
Pip-Boy 3000
Grimdoc's Avatar
Donor
Språkrådet har allerede gjort jobben sin.

http://www.sprakradet.no/nb-no/Sprak...er_fleire_ord/

Samansette ord

Samansetningar, dvs. ord som er sette saman av fleire sjølvstendige ord, skal skrivast i eitt.

frisørsalong, krumkake, lammelår, frityrsteikt

Det er ikkje rett å skrive "frisør salong", "krum kake", "lamme lår" og "frityr steikt". Slike skrivemåtar kjem oftast av påverknad frå engelsk, der det er andre reglar for skriving av samansette ord.

Dersom du les samansetningane høgt for deg sjølv, kan du som regel finne ut om dei skal skrivast i eitt eller to ord. Døme: våt mark – våtmark, billig bok – billigbok, ferdig hus – ferdighus, små kaker – småkaker, gammal ost – gammalost. Dersom du uttalar eit uttrykk som eitt ord, med trykk berre på det første leddet, skal det skrivast som eitt ord, men uttalar du det som to ord, med likt trykk på begge ledda, skal det skrivast som to ord.

Til vanleg bruker vi ikkje bindestrek i samansette ord, men bindestreken kan brukast for å lette lesinga, til dømes der to vokalar eller tre konsonantar støyter saman, eller viss ordet er sett saman av lange eller framande ledd.

gløgg-gryte, katte-elskar, bre-is


Grupper av ord

Ved ein del faste uttrykk og grupper av ord er det ikkje alltid lett å vite om vi skal skrive dei som einskildord eller som ordgrupper. I somme tilfelle kan ein dessutan velje mellom særskriving og samanskriving.

Uttrykk som skal særskrivast

alt saman / alt sammen, av di (berre nynorsk), av garde / av gårde, den gong / den gang, den slags, ein del / en del, etter at, etter kvart / etter hvert, for lengst, (for) så vidt, for øvrig (berre bokmål), i hvert fall (berre bokmål), i staden for / i stedet for (men istedenfor) (bokmål), langt (i)frå / langt (i)fra (også i tydinga "på ingen måte"), (nynorsk), mang ein / mang en, om bord, om lag, over bord, på ny(tt), så menn, så som, til dels, til saman / til sammen, til stades / til stede, ver så god / vær så god.

Uttrykk som får valfri samanskriving eller særskriving

for di og fordi, for resten og forresten, i alle fall og iallfall, så framt og såframt (bokmål også så fremt og såfremt), så pass og såpass, like eins og likeins (nynorsk), like ens og likeens (bokmål), visst nok og visstnok.

Uttrykk som får samanskriving eller særskriving alt etter tydinga

altfor (= i for høg grad) og alt for (som i "Alt for Noreg"), ettersom (= fordi) og etter som (= etter kvart som, og i uttrykket alt etter som), overalt (= alle stader) og over alt (= framfor alt, høgare enn alt), det var ein gong ... og ikkje eingong / ikke engang. I følge (med) (= saman med) og ifølgje/ifølge (ifølgje vermeldinga blir det regn).

Merk:
Ord som innover (el. inn over), utover (el. ut over) skal skrivast saman som adverb, dvs. når dei står aleine.


fuglane flaug innover, fjellet hang utover

Det er valfritt samanskriving eller særskriving når slike ord står i preposisjonsuttrykk:

fuglane flaug inn over eller innover landet, fuglane flaug ut over eller utover fjorden

Det kan ikkje setjast opp vasstette reglar på dette området av rettskrivinga. Ein regel seier at ord som kan stå aleine, oftast skal skrivast kvar for seg i faste uttrykk, til dømes i dag, over bord. Men det er mange unntak frå denne regelen. I nokre tilfelle skal det alltid vere samanskriving, til dømes igjennom sjølv om både i og gjennom er ord som kan stå aleine. Andre uttrykk skal delast, sjølv om delane ikkje kan stå aleine, t.d. i fjor, i hel / i hjel. På dette punktet har rettskrivinga vore endra fleire gonger. Tendensen går i retning av meir særskriving, men det er berre ein tendens. Bruk ordliste når du er i tvil.
Vis hele sitatet...
Du kan jo selvklart bruke de uthevede tekstdelene til å lage enklere regler, men gir du elevene hele denne teksten så kan det vel ikke være noen tvil.

Men som sagt nederst av sitatet, så er det vanskelig å lage 100 % vanntette regler.