View Single Post
Sitat av Doktor Vis innlegg
Har hun drevet firma eller hatt roller i diverse organisasjoner så finnes det jo databaser på dette.
Vis hele sitatet...
Tja. Det skal vel ein useriøs dose flaks til før henna eventuelle rolla i næringssamanheng skulle bidra til at veninna til TS kan finne ut meir om familien sin. Samstundes vil vel desse type sider/databasar normalt kome ganske høgt opp på trefflista ved bruk av normale søkemotorar.

Hadde eg vore TS, hadde eg satsa på å finne tak i fødselsattest og ikkje minst sjekka ut eventuelt aktuelle kyrkjebøker (dersom døpt/mor gift/etc), samt sjekka og tatt kontakt med Riksarkivet.

Utan at eg hugsar namnet på serien, så sendte NRK for ei tid tilbake ein dokumentarserie om både kjente og ukjente personar si familiehistorie. Ein kan nok få henta inn mykje tips til framgangsmåte ved å sjå gjennom desse episodane. Hugsar at Geir Lippestad deltok, men utover det er det blankt. Kanskje nokon andre hugsar namnet på serien?