View Single Post
Når ein fyrst skal ta eit friår etter ungdomsskulen, er det nok best å ta seg ein jobb, som andre nemner. Så lenge ein er innstilt på at ein skal jobbe ett år, og berre ett år, så bør det ikkje vera noko problem å koma seg tilbake til skulebenken eit år seinare. Kanskje kan du få deg eit ettårig vikariat ein stad? Sånn at du ikkje blir frista til å fortsetja jobbinga når året er gått.
Men det skal nemnast, at sjølv i disse mangel-på-arbeidskraft-tider, så er det nok ikkje mange som vil ansetta ein 15-16åring på heiltid. Det er ikkje mange stadane du i det heile tatt har lov å jobba.

Nokon som veit om det er mogleg å ta opp fag frå ungdomsskulen? Viss det er mogleg, så hadde jo det vore ein idè, sånn at det er meir sannsynlig at du kjem inn på Media&kommunikasjon til neste år.

Angåande tips til korleis du skal overtala foreldra dine, må vel bli at du overhodet ikkje ynskjer å gå studiespesialiserande, og at du heller vil bruka eit år på å ta opp fag frå ungdomsskulen (viss dette er mogleg) og tjena litt penger (som du sjølvsagt skal spara og ikkje bruka på fyll og fanteri) for så og gå M&K om eit år.