View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Batabusa Vis innlegg
OK. Veddemål? Jeg er villig til å vedde så og si HVA som helst på atfjerning av formueskatten kommer til å ha ingen til minimal påvirkning på investeringer.
Vis hele sitatet...
Ja og nei.

Det finst tilfeller der den er problematisk. T.d. dei som eig ei relativt lita bedrift, som kanskje går rundt på eit vis - men som har ein viss verdi. Tenk t.d. maskinentreprenør med 5-6 maskiner og tilsette. Det kan ha stor nok verdi til at ein vert ligna med formueskatt - utan at det gir nok avkastning til å dekke skatten. Det er uheldig. Kanskje kunne ei skjermingsordning, der aksjeselskap med under ei viss omsetning / overskot, og der det er ein eller få eigarar som er tilsette i firmat, får lågare formuessats i ligninga?

Så eg forstår poenget til Høgre, men eg er ikkje umiddelbart einig i virkemiddelet dei bruker - og eg mistenker at Høgre til ein viss grad skubber dei få tilfella foran seg for å avskaffe formueskatten av andre årsaker...