View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
For det første. Digitale bilder er ikkje i meter. Dei er i pixler. I tillegg kan dei ha informasjon om Pixels Per Inch (PPI) e.l. som seier kor stor ein fysisk pixel er tenkt å vere. Om du t.d. har eit bilete på 1000x1000px og 100dpi, vil det måle 10x10 tommer i tenkt målestokk.

For det andre. Du må ha meir RAM. 8GB er lite. Prøv med 32GB.

For det tredje. Bannere står du sjeldan tett på, og du treng i praksis ikkje spesielt god oppløysing. Sjekk med trykkeriet kva dei anbefaler.

For det fjerde. Bruk vektorformat for denslags. Adobe Illustrator er vektormotparten til Photoshop. Photoshop er laga for billedmanipulering, ikkje grafikk.