View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Wild Vis innlegg
Vel, kjører lett i 95 i 70 sonen uten å få samvittighetkvaler.
Vis hele sitatet...
Akkurat det er litt interessant.

Folk ser på fart som relativt uskuldig - men like fullt er det fullstendig åpenbart at det er kvardagskriminaliteten som har størst skadepotensiale. Ein frontkollisjon i 95 overlever du stortsett ikkje. Ein i 70 har du gode sjanser for å overleve.

Tilsvarande er sideterreng, kryss og mykje anna tilpassa fartsgrensene i mange tilfeller, noko som og aukar risikoen ved utforkøyringsulukker uproporsjonalt.

Estimat tilseier at 25%, eller 60 liv i året kunne vore spart om folk hadde helde fartsgrensene. Eg kan ikkje komme på tilsvarande vanleg kriminalitet som har så direkte og åpenbare konsekvensar - og som er så sosialt akseptert.

(Eg meiner på ingen måte å påstå at eg ikkje køyrer for fort sjølv, så ver så snill å ikkje komme med kritikk av at eg set meg på ein høg hest. Det gjer eg ikkje. Eg peikar berre på eit, i mine auge, interessant poeng)