Tråd: George saken.
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Makkamann1 Vis innlegg
U.S.A. (og Norge) er liksom veldig rasistiske land? Finnes ikke noen land hvor svarte/migranter er mer privilegiert og har mer rettigheter. I USA sitt tilfelle så gjelder dette spesielt svarte.

Prøv Nordafrika (der har de fortsatt svarte slaver) , Japan, Brasil/Portugal, etc, etc. Finnes mange land som er mye, mye mer rasistiske enn USA.
Vis hele sitatet...
Det er sjeldan produktivt å diskutere privilegier ut frå at nokon, ein eller annan plass i verda har det verre. Det er trivielt å viareføre det argumentet til at du skal til helvete halde kjeft, for elles kan vi skyte deg. Hugs at du har det betre enn dissidenter i Nord-Korea...

Det er meir relevant å sjå det opp mot landet som heilhet. Og i så måte har USA systematiske strukturelle problemer. Delar av dei problema botnar i institusjonell rasisme. Ikkje alt; somme delar handlar om at dei er eit land der det å vere fattig har ekstreme konsekvensar, med få (eller ingen) mekanismer for å gjere ei klassereise.

Europa har t.d. gratis utdanning, noko USA ikkje har. Det gjer ei klassereise mogeleg. Helsevesen er ein annan faktor. I tillegg har du i ein del statar, t.d. gjennom voter ID laws, ei meir eller mindre systematisk rigging av samfunnet mot at dei fattige skal få innflytelse. I uproporsjonalt stor grad råkar det svarte og latinamerikanere.