View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Barnevernet har all grunn til å ta hasjrøyking alvorleg, så du blir mest sannsynleg beden om å avlegge urinprøve.

Dei kjem også til å innhente opplysingar frå alle offentlege instansar som har med barna dine å gjere. Du kan då be til gudane om at dei ikkje har ei skeivutvikling.

Har dei ei skeivutvikling, og du nektar å avlegge urinprøve, blir det ei heilheitsvurdering om barnevernet går til omsorgsovertaking. Det er forresten ingen i Fylkesnemnda som kjem til å tru på at du ikkje vil avlegge urinprøve av prinsipielle årsaker, så her blir du berre sett på som ein vrang og vanskeleg hasjrøykar som barnevernet uansett ikkje kan samarbeide skikkeleg med. Som igjen styrkar saka til barnevernet.

Avlegg du urinprøve, kjem det naturlegvis eit positivt svar. Du blir då mest sannsynleg beden om å ta farvel til hasjen eller borna dine. Ditt val. Då snakkar ein truleg om regelmessige urinprøver. Blir urinprøvene reine, går det heilt sikkert fint med litt møter og samarbeid i ein periode. Klarer du det ikkje, får kona di kanskje spørsmålet om ho vil ha barna eller deg. Då er det ei løysing at du finn deg ein annan stad å bu.

Eg tippar du må reise ganske langt for å finne ei kommunal barnevernteneste som aksepterer at du røyker hasj...

Så ta deg saman, mann.