View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Kva meiner du med aktører på nettet? Mobiltelefoner har ikkje mac-adresse; dei har IMEI. Operatøren din vil sjølvsagt sjå IMEI-nummeret til telefonen, og SIM-nummeret. Det operatøren (og mobilnettet) i praksis bruker er IMSI-nummeret, som vert tilordna på bakgrunn av simkortet.

Mac-adresser er lokale. Dei vert utelukkande brukt på samme L2-segment, dvs. fram til første ruter. Etter det er det IP-adresser som utgjer adresseringa.

IPv6 bruker til ein viss grad mac-adresse i SLAAC - Stateless Address Autoconfiguration. I praksis har dei fleste OS i tillegg anonyme, tilfeldige adresser med kortare levetid som regelmessig endrer seg, for å unngå å lekke mac-adresse. Det er standard for >Windows Vista.