View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
1: Du er ikkje ferdig med oversettjinga. Seriøst, du lanserer ikkje ei slik side før den er ferdig oversett.

2: Er TOS faktisk oversatt meir eller mindre direkte? Det er ein del ting der som får meg til å stusse, m.a. ei formulering om at ein har ansvar for all aktivitet. Du forsøker og å forby avleda verk? Og formuleringene rundt opphavsrett gjer meg oppriktig i stuss om du forsøker å forby bruk av innhaldet ein måtte finne på å betale for å få laga. Du er i Noreg, ikkje USA, så du treng neppe ti sider boilerplate legalese.

3: Paypal? Vanlege i Noreg i B2B er faktura, og forskots, a-konto eller etterskotsbetaling, litt avhengig av tillitsforhold. Paypal har skyhøge omkostninger samanlikna med faktura og bankoverføring.

4: Nettsida er grisetreg. Det kjem vel av at du hoster den på eit webhotell til ein tier i måneden.

5: Du har voldsomt snevert utval kategorier. Kvifor ikkje ta med kva språk ein kan? Det er jo veldig relevant i mange tilfeller.

6: Du tar betalt for å legge ut oppdrag, og du tar 5% av avtalt sum? Er ikkje det litt drøyt å betale to gongar for samme tenesta?

7: Kvifor skal eg stole på ein betalingsgaranti frå eit enkeltpersonsforetak, framfor å stole på freelanceren direkte?