View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av pickaboo Vis innlegg
Vet ikke hva slags oppsett han har. Det er en D-link router som er D-link DIR 655, som jeg ikke får endret noe ved som user. Dette er status inne på den :
Vis hele sitatet...
D-Link DIR655 er altså 802.11N, som gir maksimalt 100-150Mb/s i medvind og fri sikt. I tillegg var den billig når den kom, og er ikkje laga for mange brukarar.

Eg ville enkelt og greit forfatta ein e-post om at internett er inkludert i leiga, og at han ikkje greier å stille med eit fungerande internett. At ting som streaming av video skal funke ville eg tatt for gitt når internett er inkludert.

Som konsekvens av at det ikkje fungerer kan du sei at du krev feilen retta innan ein gitt frist, eller at du vil etablere eige abbonement, og trekkje ifrå kosten av det i leigesummen du betaler.

Skal du få eit oppsett som funker så må det enten settast opp litt dyrare utstyr, eller det må kablast inn til deg, og eige AP i den delen du bur. Med moderne mesh-utstyr så bør ikkje kabling vere nødvendig, men det krev utstyr for eit par tusen.