View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Relativt liten sjans for at det tok skade av det. Cellene er relativt godt innpakka, og om det er 18650-celler er dei i tillegg relativt mekanisk robuste i seg sjølv. Om det er lipo er cellene i seg sjølv litt mindre hardføre, men dei er innpakka på relativt godt vis i batteripakken din.

I tillegg er pakken konstruert til bruk på sykler, dvs. at den er laga for å tåle vibrasjoner og slag. Eg hadde ikkje vore spesielt bekymra, med mindre du ser sprekker eller bulker i konstruksjonen.