View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Svaret du fekk frå telenor er truleg det beste du kan få, utan å gå drastisk til verks med å finne ut av støykjelder, velje kanaler ut frå det, og t.d. om du har materialval i huset som er drastisk verre for 5GHz enn 2.4GHz.

Spørsmålet er kort sagt om 2.4GHz fungerer tilfredsstillande. Du får god nok hastighet for nettlinja over 2.4GHz, og med mindre du har behov utover det er det ingen grunn til å nytte 5GHz for din del.

Om du vil ha opp hastigheten kan du sjekke om det er andre ting som bruker 5GHz-bandet, og prøv wlan-kortet ditt opp mot andre rutarar, og prøv andre pcer opp mot din for å utelukke at det er problem på den fronten.

Det er heller ikkje utenkjeleg at ein del kjipe nettverkskort har for dårlege antenner for 5GHz, slik at det avgrensar hastighet.