View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av Vargas Vis innlegg
Når det er sagt... Har lest en annen artikkel (ligger vel nedgravd et sted i boksamlingen) som mener at ca. 40% av det justerte lønnsgapet skyldes graviditet/mammaperm og likende. Og en står selvfølgelig fri til å mene at dette er akseptabelt/bra eller noe som staten ikke burde tukle ytterligere med. Men da ender vi fortsatt opp med et systematisk lønnsgap på 4-5% som ikke forklares av andre årsaker.
Vis hele sitatet...
Eg trur alle kan vere samde om at ein ikkje skal diskriminere på bakgrunn av kjønn, rett og slett fordi det er umoralsk.

Artikkelen er kanskje som artiklar flest om dette temaet; meir eller mindre eit partsinnlegg basert på eit utval av målbare parameter som forfattaren meiner er viktige. Ut frå dette vil ein kunne finne skilnadar. Og konklusjonen blir at kjønn altså er den viktigaste forklaringsfaktoren etter justering. Spørsmålet er likevel om forfattaren har teke med alle relevante parameter: Er kjønn den einaste attståande variabelen som forklarer skilnadar i løn? Eller kan det tenkast at det finst andre og korrelerande parameter?

Mi personlege oppfatning er at tissen normalt sett gjer meir nytte for seg på andre område enn som statistisk forklaringsfaktor.

Det kunne ha vore interessant å bruke den same selektive metodologien for å avdekke diskriminering av finnmarkingar, samar, for ikkje å snakke om innvandrarar: "No jobbar finnmarkingane gratis." "Samane blir diskriminert." "Arbeidsgivarane er rasistar", o.s.b.

Personleg synest eg debatten om lønsgapet minner mest om splittande konfliktideologi som neppe er fruktbar.