View Single Post
Sitat av playboyboler89 Vis innlegg
Forsåvidt like greit, men fortsatt på trynet, det burde dog ikke brukes ressurser til å etterforske "narkotikakriminalitet" i det hele tatt, mener jeg.
Vis hele sitatet...
Dette er ikkje mogleg å få til per dags dato. Om du ser på kriminaliteten som vert generert av dei narkomane, er det openbert at ein ikkje kan vende det blinde auget til. Narkotikabruk i seg sjølv kan gjerne karakteriserast som "victimless crime," men ran, innbrot, tjuveri, trugsmål og vald har definitvit mange ofre, og denne typen lovbrot er heilt daglegdags i dei tunge narkomiljøa, og det vert ikkje diskriminert når det kjem til kven som vert offer. I Bergen er ein heil bydel råka, med til store psykiske påkjenninger for dei som bur der og er offer for kriminaliten, for ikkje å snakke om dei enomre direkte og indirekte kostnadane dette fører med seg.

Politiet må mest gå inn og huke desse folka, sjølv om det dukkar opp ei potensiell storetterforsking for kvar beslaglagde mobiltelefon. Problemet ser ut til å vere at pengane er smørt for tynt utover, og at det dermed ikkje er mogleg å løyse nokon av oppgåvene ordentlig. Dette er ikkje anna enn trist, og stakkarane som bur midt oppe i alt dette har mi største medynk. (Dei kriminelle narkomane har den i teorien òg, men det er vanskeleg å vise medkjensle i møte med så grotesk elende som følgjer desse folka..)
Sist endret av snegler; 16. november 2016 kl. 10:52.