View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Det som er så morsomt her er jo at når bitcoin kom, var ein av fordelane at slikt ikkje skulle skje, fordi folk ikkje var avhengige av banker.

Teknisk sett er det korrekt. Men det har altså vakse fram ein industri av bitcoinbanker, m.a. fordi det er for komplisert å ha wallet lokalt, og fordi transaksjonsgebyra er så høge at det er billigare å flytte eigarskap bitcoins utan å sende dei til ny wallet. Mao. meir eller mindre akkurat dei tinga bitcoin skulle vere betre enn tradisjonelle banker på.

No er det for all del ikkje ein eigenskap ved bitcoin (muligens utover dei høge transaksjonskostnadane), men heller eit eksempel på at dagens banksystem tross alt kan det å flytte tall, i motsetning til ein del nye bitcoin-firma.