View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Ingen drar inn det eg oppfatter som eit vesentleg poeng: sosial tillit. I bygdemiljøet eg kjem frå kjenner eg alle. Eg veit kven dei er, og eg er på fornavn med dei.

På bussen i Bergen veit eg ikkje kven vedkommande ved sidan av meg er. Til tider er det godt rusa narkiser, med tilhøyrande sjølvkontroll. Det gjer meg langt meir skeptisk om dei har kniv, enn om folk eg kjenner har kniv.

Det handler for min del om at eg kjenner vedkommande. Irrasjonelt? Kanskje. Men samtidig djupast sett rasjonelt; ukjente folk med våpen er større trussel enn kjente folk med kniv. I by kjenner vi veldig få av dei vi interagerer med. I mindre lokalsamfunn kjenner vi dei fleste av dei vi interagerer med.