View Single Post
Min samboer skreiv for et par år siden en tekst, og han ønsket da å ha det som et leserinnlegg i avisen, men det ble aldri noe av. Han ønsker å sende det inn nå, og hadde satt pris på folk sine meninger rundt teksten og tema som blir skrevet om.


Ungdommens realitet

Tallet er 2020.
Ungdommar i dag vil eg tru sitt inne med mykje tankar. Dei opplev mykje av det som har med sosiale medier å gjere. Eg vil ikkje legge skjul på noko, men som dei fleste, har eg og hatt mine opp og ned tide.
Eg hugsar godt den tida det var sterkast, og det var når eg fant ut at eg ville ha ein psykolog å snakka med. Eg hadde veldig lite lyst til å snakke med ein psykolog, for det fekk meg til å føle meg 10x verre om eg skulle få det. Om nokon som stod meg nærme eller andre sa, "kanskje du skulle ha prøvd å snakk med ein psykolog?" blei eg berre sint av tanken. Men det eg ikkje såg var at det er veldig vanleg med nokon å snakka med, og ikkje bruka 1-2 ledd (vener eller familie) som du legg problema dine over på. Slik som eg oppfattar ein psykolog, er at du fortel ein problemstilling, og psykologen hjelper til og peike ut ting, så er det ein prosess med prøving og feiling. Når eg tok tak og søkte om psykolog, fekk eg godkjent, men det var aldri ein time å sjå. Eg beit i det sure eplet og brukte heller musikk og podcast som har vært mykje til hjelp. Eg føler meg sterkare på innsida ved tanken av at eg ikkje har brukt psykolog.

Den fysisk sosiale kontakten mellom ungdommar i dag sklir frå kvarandre, det blir heller til brakt mykje tid forran ein mobilskjerm, og da kan fort ikkje føles som noke energifullt vennskap. Ikkje alle har like mange venar, nokre sklir frå kvarandre, ulik interesse eller utdanning, det kan bli ein ubehageleg tanke det og. Ein grunn som påverkar det å skli frå kvarandre, er ryktespredning som kan være langt ifrå det som er sannheita, det er da det fort kan bli falske venskap. Mange veit kor mykje rykte det er som blir spedt, andre ikkje, men slik kjem det alltid til å være. Desverre kan eg ikkje endre verden sitt syn og tankar på grunnlag av ting som har vært ein plage for meg. Det eg vil fram til er at det er utruleg øydeleggjande med rykte som ein burde ta med ei klype salt, og det gjer noko med ein som person på innsida.




I barndommen tenkte eg ikkje på kvardagen som eg gjer i dag, før var alt så lett og det var ingen bekymringar. Men så kom ungdomstida, då vart det mange opp og ned tide. Det var ein merkeleg følelse, for det var jo ikkje slik før. No som eg er blitt eldre og blitt klokare på korleis livet eigentleg er, har eg lært meg å "gi faen" i andre sine meiningar som har hjelpt mykje. Og det veit eg ikkje at alle klarer.

Tilbake på sosiale medier, der får me eit inntrykk av at alle har det heilt topp heile tida, ingen tunge dagar, Mange poserer og i utallige dyre klede til over 1000 lappen for kvart plagg. I realiteten er det ikkje slik at dei som har publisert bilete med det største smilet og dei dyraste merke kleda som alltid har det bra. Ein må og huske det å tenke at du får berre sett ein «highlight» av dagen deira. Det å tenke slik er ikkje lettare sagt enn gjort, ein blir jo påverka av alt og alle rundt oss av det me omgår oss av i kvardagen. Kan kansje kalle det ein kunst og gi faen?

Pengebruken av kule og dyre klede som er er inn på moten kan fort bli stor om ein føler eit press. Elles er det også lett å føle at alt handlar om pengar, sjølv om det ikkje er det. Men det er vel og ein del av realiteten, utan pengar er det ikkje alltid like kjekt. Tankegangen kan begynne å gå litt annerledes. Eg er ikkje redd for å være ærlig, for meg handlar livet om å vere kreativ, gjere det du brenn for og ikkje bli holdt tilbake. Eg velger å halde meg anonym, men eg håper at ungdommar og kanskje vaksne skjønner kva eg vil fram til, og kjenner seg igjen.