View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Altså.

Det er snakk om ein fleirtalsmerknad i eit budsjettdokument. Regjeringspartiet Høgre gjer det klart at dei ikkje har til hensikt å følge det opp meir konkret. Det mest interessante her er at det er fleirtal på Stortinget for ei slik retning. For det er nettopp retning det er snakk om - Stortinget indikerer at dei ønsker å ta politikken i ei ny retning. Det er ikkje bindande uttale, og det fører ikkje til umiddelbare endringer i hverken politiet, helsevesenet eller andre aktører sin praksis. Endring av legemiddellova og straffelova vil vere eit separat stortingsvedtak.

Endring av politiet sin praksis er det som teoretisk sett kan gå kjappast, ved riksadvokaten sender ut nytt rundskriv om påtalepraksis. Men gitt at ett av to regjeringsparti (som og har justisdepartementet) seier nei til retningsendringa, og det andre regjeringspartiet var tvilande i den interne debatten dei hadde tidlegare i år, er det heller tvilsomt om det er av dei tinga regjeringa vil settje mest inn på å følgje opp.

For realiteten er at dette ikkje er overraskande; det var klart i vår at Høgre, SV, Venstre og AP støtta ei slik endring. Så dette er stadfesting av at dei fire har stortingsfleirtal...
Sist endret av vidarlo; 1. januar 2018 kl. 13:19.