View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Kaizen Vis innlegg
I motsetning til deg med holdning at man er dum om man i det heletatt gidder å bruke tid på dette, så viser vel denne tråden at jeg forsøker å skaffe meg kunnskap.
Vis hele sitatet...
Kritikken treff åpenbart ei nerve hos deg, ettersom du tar deg såpass nær av den.

Problemet er, for å repetere det, at du ser ut til å gå inn i problemstillinga med antagelse om at aliens er ei tenkjeleg årsak. Kvifor ikkje heller lytte til litt av kritikken, og forsøke å sjå på det med eit meir åpent utgangspunkt - t.d. 'korleis kan vi forklare det vi observerer?'

For slik du stiller spørsmåla så spår eg at du ikkje vil få gode svar.
Sitat av Kaizen Vis innlegg
Tror flere lesere denne tråden lurer på hvorfor du ikke forsøker å skaffe deg kunnskap i stedet for å komme med flåsete ala vissene påtteplanter.
Vis hele sitatet...
Om du ikkje forsto referansen til potteplantane mine så er det altså at ting kan ha mange forklaringer, og at det å utelukke aliens som ei forklaring er nærsagt umulig.

I tilfellet med plantane mine er det åpenbart at aliens er ei latterleg forklaring, men å utelukke den? Vel, lukke til!

Og det går igjen; du spør om film x er debunka. Vel, kanskje den er det, kanskje ikkje. Men å finne ut av og identifisere kva ein ser i slike klipp er ekstremt tidkrevjande.

Eit godt døme er denne gjennomgangen. Her er det eit kort klipp, som har tatt timer å debunke. Du derimot kan trekke fram videoen og bruke tjue sekunder på å skrive ei setning om den...

Vi får fleire og fleire kamera rundt om - og fleire og fleire fly i luftrommet. IR-kamera har notorisk dårleg oppløysing, og at vi ser uidentifiserte ting i IR er strengt tatt ting vi kan forvente. At vi ikkje tek oss bryet med å identifisere samtlege ir-blobs vi ser vil ikkje sei at dei ikkje har ei enkel forklaring - kun at det ikkje er verdt bryet.