View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 420master Vis innlegg
https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/VEvM3/gir-politiet-nye-fullmakter-til-skjult-overvaakning

https://www.aftenposten.no/meninger/...er-autoritaert

Aftenposten hadde en større artikkel rundt 2016-2017. Det var rundt påsketider. Og tror kanskje at det heller sto at de trenger mindre kontroll fra rettsvesenet og har nå fått tillatelser for mer overvåkning uten å få en kjennelse fra retten. Da hvis man er domsfelt for grov kriminalitet

Men det jeg også husker veldig godt fra den artikkelen var at dette så og si ble stemt over i det stille.
Vis hele sitatet...
For det første omtalar du to ulike ting her. Det eine er DLD-liknande lover. Det er i praksis ikkje i effekt, fordi EU sentralt har sett ned foten. Det vart vedteke av Stortinget, men altså lagt på is på grunn av EU-domstolen. Viare er det ikkje slik at det var avlytting av personar; det var innsamling av grensekryssande metadata. Altså kven du snakka med, ikkje innhaldet i samtalen per se.

Det er sjølvsagt inngripande nok - og eg er glad for at det vart skrota - men det er altså noko anna enn det vi sikter til i denne diskusjonen. Det er eit tema som absolutt bør opp i lyset, men ikkje akkurat her.

Det andre - som plussartikkelen til VG omhandlar - er såkalla dataavlesing, dvs. å hente ut informasjon frå dingser som ikkje nødvendigvis er kommunikasjon, eller å hente ut data frå dingsen direkte framfor frå kommunikasjonsnettverket. Det er heilt rett at politiet har adgang til det i dag - men det krev framleis domstolskontroll.

Så nei, det er ikkje tillete for politiet å avlytte utan å gå til retten.