View Single Post
Eg har no blitt hekta på DOS spel. Igjen. I så stor grad at eg gjekk til anskaffelse av 17 gig med med DOS spel. Problemet er jo berre at det er så mange. Så utruleg mange. Så eg veit ikkje kvar eg skal begynne.

Difor er eg på jakt etter forslag. Eg spelar nær sagt alt, men er spesielt begeistra for RPG og platform-spel frå det gryande nittital.

Så - kva er din favoritt? Sei gjerne kvifor. Handling og sånt er ikkje nødvendig å skrive, om dykk ikkje vil. Eg kan jo google.

Ja - eg er og klar over at eg kan google "top ten MS DOS games" osv. Det har eg gjort. Men eg har spelt mesteparten av dei som var i dei listene eg har lest. Dessuten er det jo kjekt å få forslag frå folk eg kan diskutere det med.