View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av celtseus Vis innlegg
Arbeiderpartiet opprinnelig rettferdig og for arbeiderklassen, god skatte og eiendom politikk og for bedring av eldreomsorg, helsetjenester og ungdomstilbud, men følger ikke opp eget partiprogram lenger.
Vis hele sitatet...
Når du presterer å oppsummere eit av dei store partia såpass tynt, og samtidig skriv såpass mykje positivt om t.d. Raudt, utan å komme inn på kritikk av dei gjer det at heile forsøket ditt på politisk analyse fell gjennom. Du uttrykker eigne meininger; det er ikkje eit forsøk på ein nøktern analyse.

Før du forsøker å klistre ein merkelapp på meg: Eg har stundom vore medlem av Raudt, og har stemt Raudt eller SV ved samtlege val, så nei; det er ikkje fordi eg mislikar Raudt eg meiner du var litt vel einsidig. Det er fordi du prøver å framstille det som ei nøytral oppsummering for folk som ikkje kan politikk. Det er det ikkje. Det er ei lada framstilling ut frå ditt synspunkt. Det er sjølvsagt totalt legitimt, og eg er einig i mange av vurderingane dine, men det er ikkje ei nøytral oppsummering.