View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Men eit vesentleg poeng her er maktposisjoner.

Om Trond Giske har seg med tilfeldige sekstenåringer er det relativt sett uproblematisk. Sekstenåringer er over den seksuelle lavalderen. Det er lov å ha sex.

Om Trond Giske derimot utnytter posisjonen sin, i partiapparatet, er det ei heilt anna sak. Det er problematisk, fordi Giske i den situasjonen har ein maktposisjon.

Om Grande har hatt sex med ein sekstenåring i eit bryllaup så kan det kanskje vere usmakeleg, men så lenge det er frivillig så er det i utgangspunktet ikkje ei sak for andre enn dei impliserte partane. Settingen er typisk privat, og Grande har ikkje ein maktposisjon utanfor partiet. At aldersforskjellen er stor er ei privatsak etter mine begrep.

Så om det resett har publisert stemmer? So what. For det første er det eit stort skilje mellom sex ein kanskje måtte angre på, og overgrep, og for det andre så har det med utnytting av maktposisjoner stor betydning. Og det problemet ser ikkje ut til å eksistere i det scenarioet resett skisserer. I Giske sitt tilfelle ser det derimot i høgaste grad ut til å eksistere, m.a. ved at Giske har prøvd seg på personer i AUF.
Sist endret av vidarlo; 10. januar 2018 kl. 07:32.