View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av 200cdi Vis innlegg
Jeg er ikke jurist, men jeg var sikker på at enhver tvil skal komme tiltalte til gode.
Vis hele sitatet...
Du manglar eit ord. Rimeleg.

Sett det inn mellom "enhver" og "tvil", så får du korrekt formulering. Og det er avgjerande, for ein kan alltids oppkonstruere tvil i omlag alle tilfelle, men den må altså vere rimeleg.

Men for å stille spørsmål på ein litt annan måte: er det tekniske bevis som kan underbygge påstanden? T.d. ein lik bil registrert på ein anna person busett på ein av stikkvegane? Kan mobiltelefonen din underbygge det? I så fall kan du be om å få utlevert trafikkdata frå teleselskapet og overlevere det til politiet, eller be dei etterforske det.

Med mindre du har meir enn teoretisk sjans for at lik bil kan ha vore på vegane samtidig så har du ei dårleg sak.
Sist endret av vidarlo; 21. mai 2021 kl. 17:29. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.