View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Det er alltid skummelt, men dette klarer du.

Det er forresten slett ikkje alle som er like seriøse studentar, så du tek innersvingen på dei fleste viss du jobbar godt.

Nokre tips:
1. Lag ein leseplan ut frå sidetalet de skal gjennom, eksempelvis 2000 sider delt på talet på lesedagar. Set av tid til repetisjon og øving på eksamansoppgåver før eksamen. Følg planen og bruk studieteknikkar som fungerer for deg. Det kan vere lurt å ta notat, visualisering, etc. Test deg sjølv når du har lese nokre sider. Hugsar du innhaldet? Somme lærer mykje av å diskutere stoffet. Kanskje er det også andre du kan samarbeide med i kollokviegrupper for å lære det som er ekstra vanskeleg, og slik kan du også bli kjent med nye vener.

2. Les kompetansemåla for studiet. Desse gir hint om kva du bør ha ekstra fokus på i lesinga. (Dette bør du allereie ha gjort.)

3. Les tidlegare eksamensoppgåver, og tenk over kva slags oppgåver du kan få. Gjer det tidleg.

4. Dei vanskelige orda lærer du medan du les. Slå opp alle ord du ikkje forstår i bøkene - og pugg dei. Viss du framleis ikkje forstår dei, kan det vere lurt å spørre. Sannsynlegvis er det ikkje berre du som lurer på kva det vanskelige ordet betyr.