View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av Seority Vis innlegg
Så mitt spørsmål er, hva du synes om islam? Hvis du tenker på det positivt, hvorfor? Eller hvis du tenker på Islam være negativitet, hvorfor? Videre tror du Islamphobia vil endre seg i årene som kommer?
Vis hele sitatet...
Muslimar er ei svært samansett gruppe, om lag på lik linje med kristne. Verda er full av hyklarar som ikkje følgjer religionen sine påbod, og muslimar er ikkje noko unntak. Mange "muslimar" er som mange "kristne", som berre er kristne i namnet.

Problemet med islam er på den eine sida at islam i hovudsak ikkje har gjennomgått ei europeisk opplysningstid. Det er difor vanlegvis ikkje noko naturleg skille mellom religion og politikk. (Albania er vel eit unntak her.) Religionskamp og politisk kamp vert difor to sider av same sak, noko som går særleg ut over minoritetar som kristne og jødar.

Det andre problemet med islam er at religionen vart grunnlagt av ein mann som utmerka seg som krigsherre. I den tida islam var ein liten religion vart det preika religionsfridom og venlege relasjonar med andre religionar. Etter kvart som islam vart sterkare, vart tonen meir aggressiv: Det vart dødsstraff for å konvertere frå islam, og det vart ein meir krigersk tone mot andre religionar. Jødiske stammar i Arabia vart utsette for massemord, og kritikarar av Muhammed vart drepne.

Det tredje problemet er oljen. Saudi-Arabia, og då særleg Riyadh, har vore kjend for ekstremisme. På 1960-talet byrja oljepengane å trille inn, noko som gjorde dei i stand til å finansiere ekstremisme andre stader. Dei bygde moskéar og preika hat mot vestlege verdiar over heile verda - også i Vesten. Av alle moskéane som vert bygde i Vesten no er majoriteten finansiert av Saudi-Arabia.

Vedrørande "islamofobi": Når ein ser måten minoritetar vert handsama på i muslimske land, der alle "fornærmingar" frå einskildindivid mot islam over heile planeten fører til kollektiv straff mot desse minoritetane, ser eg ikkje noko irrasjonelt i at desse fryktar islam. Irrasjonaliteten ligg vel heller i mantraet om at islam er ein fredsreligion, når religionen vart grunnlagt av ein feltherre, spreidd gjennom krig og ligg i verdstoppen med omsyn til jihadisme/terrorisme.
Sist endret av BrageP; 26. mai 2013 kl. 11:24.