View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av HeinzE Vis innlegg
Der mener jeg du tar feil. Etter et år på elektrofag mener jeg helt sikkert at dette ikke er en norm, elektriske lavspennings sterkstrømsanlegg skal IKKE ha større spenningsfall enn 4%, men så har du anbefalt ikke over 3% fra leverandører.
Vis hele sitatet...
Forskrifta seier ikkje noko spesifikt tal. Den er i tråd med andre norske forskrifter generell, og seier berre at spenningsfallet skal vere så lite at det ikkje er til skade for utstyr som er tilkopla. Er dei ei lyspære kan du godt ha 10% spenningsfall - om du kan dokumentere at det er trygt.

FEL legg vekt på at det skal kunne dokumenterast at anlegget er trygt, ikkje spesifikke detaljar. Norma NEK400 er eit grunnlag for å designe eit trygt anlegg, men det er ikkje einaste måten å gjere det på.

Eg har jobba i to år med design av elektrosystemer, med til dels relativt store straumar, inkludert det å utarbeide dokumentasjon på at det er eit trygt system. Så eg vel heilt ærleg å tru at eg har betre kunnskapar om emnet enn folk som har eit år på elektro bak seg.