View Single Post
Det burde heller ikkje vere umogeleg å lage det med relativt godt personvern som standard. Litt meir krevjande, men gjennomførbart. Måleren er ei plombert datamaskin, som kunden ikkje har tilgang til. Om eigar kringkaster priser (signert sjølvsagt), kunne målaren sjølv rekna ut og sendt t.d. vekta forbruk gjennom døgnet. Då hadde energiseljar fått betalt for det dei skal, men dei hadde ikkje visst om du brukte 4kW klokka fem, eller 12kW midt på natta.

I tillegg veit vi av erfaring at sikkerheta på embedded-ting i snitt suger svett kamelballe. Det at du har ein bryter med kommunikasjon gjer at ein angriper som finn eit sårbarhet kan skru av straumen for mange, og potensielt gjere innkopling vanskelig. Om halve Bergen brått mister straumen og målerane får firmware sletta vil eg tippe BKK må fysisk rundt for å fikse opp i situasjonen. Det hadde potensielt tatt eit par dager. På vinterstid vil det forundre meg om det ikkje fører til dødsfall.

Når det kjem til ting som å melde inn jordfeil og liknande er det av den mest uproblematiske sida av slike målere. Det er ein uønska feiltilstand i nettet, og røper i utgangspunktet relativt lite PII.