View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av hemmeligegreier Vis innlegg
Nei, det er slett ikke standard avhørsmetoder. Det er ulovlig for politiet å psyke ut, skremme eller lyve under avhør.
Vis hele sitatet...
Det er nok ulovleg. Men det meste, inkludert dette tyder på at politiet sin praksis ikkje er så rosenraud som du prøver å antyde.

Så her er det i ei alvorleg sak begått ein haug med alvorlege formelle feil, som i at t.d. vergje ikkje var tilstades, press, forsøkt å hindre tilgang til forsvarer etc. Det er så grove brot at det vert skildra som menneskerettsbrot. Altså ikkje brot på prosedyrer for avhøyr, men brot på retten til ei rettferdig sak.

At du fortset å repetere at politiet sjølvsagt ikkje har lov til det minner mest om komiske Ali. Nei, politiet har ikkje lov. Men i praksis gjer dei det, og den realiteten må ein kunne forhalde seg til.

Når dei gjer det i så grove saker der det er åpenbart at mykje står på spel vil det forundre meg stort om dei ikkje gjer det i fillesaker der ingen andre enn juristen kjem til å lese avhøyret.

Så kan vi vere einige om at politiet ikkje er perfekte, og at dei har sine svin på skogen - og at det er fornuftig å forhalde seg til at politiet ikkje alltid handler med det å oppklare saka til gunst og ugunst for sikta som mål?