View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
I min vesle serie om kryptografi fortsetter eg her med litt verre ting... vi tar som vanleg til med ein (enkel) transposition chiffer, oppkalla etter ein austeuropear. Det er rimelig enkel chiffer, men som har hatt ei viss militær utbredning i starten av forrige århundre.

Like fullt gir del ein et lite hint med viare på veg til oppgave 2. Rett nok nyttar RSA-krypteringa der seg av såpass små primtall at brute force burde vere gjort unna på sekunder... Men, brute force er uinteressant og kjedeleg.

Eg har her operert med eit ti-teikns nøkkelord der kvar bokstav har fått tilordna eit tal. Samme bokstav har samme tal om det førekjem fleire gongar i nøkkelordet. Nøkkelordet er forsåvidt rimeleg uinteressant, utover at det har to bokstavar som går igjen.

Chifferteksten er:

Kode

EMJEOY NLEIUTGMMITY KTDIØY ØNITNUELFFIY KPETRY RLOOMY EAELEY ERRTTY
Grupperinga er lagt der med vilje som eit lite hint. Bruk den for det den er verdt. Dersom den ikkje hadde vore der hadde chifferet vore hakket vanskelegare. Som dei smarte vil oppdage er det eit teikn i den der som er brukt som padding, og ikkje har noko meining.

Her vil du finne to små hint til neste oppgåve... For å hjelpe deg legg eg ved ei liste over primtal under 100:

Kode

2 3 5 7 11 13 17 19 23 29 31 37 41 43 47 53 59 61 67 71 73 79 83 89 97
Dei skal du nytte på del 2.

Del 2
RSA? Ja? Nei? JA!

e = 17.
n = 817.
c = m^e (mod n) = 731

Du veit e, som er gitt av totienten til p og q, som var gidde i forrige oppgave...

Finn klartekst m, gitt av m=c^d (mod n) der n=p*q.

Neste del tar utgangspunkt i klarteksten m, som er eit tresiffra tal.

Del 3 - enkel innmarsj

Kode

NRZØAN THRQFCG EGYEERYLVTÅY
Dette er eit gammalt cipher, frå den tida forsvar av verdiar var viktig i den relativt nye amerikanske føderasjonen, dog ikkje i krig med utlendingar. Rekkefølga har ein viss samanheng med klartekst frå førre oppgåve, så det vil hjelpe deg om du har gjort den.

Det er også her ein fordel å følje med på blokklengda. Oh, ja, det er sant, plukka fram ei anna algoritme her også.

Chiffera som er nytta i del 1 og 3 finn du på nodak.edu. Når det gjeld RSA har wikipedia alt du treng.

For fleire hint er følgande anbefalt lesning:
  1. Cryptochallenge del I
  2. Cryptochallenge del II
  3. Cryptochallenge del III

Svar kan sendast på PM til meg. Svar på alle tre deloppgaver er påkrevd for å få rett samla, sidan del 3 lar seg knekke utan å ha løyst dei andre delane.
Sist endret av vidarlo; 12. juli 2008 kl. 16:14.