View Single Post
Trådstarter
31
Eg ser det er fleire som gjerne ønsker at eg svarer på medisinske spørsmål eller bidrar i diskusjoner. Det kan eg gjerne gjere, som sagt svarer eg ikkje for konkrete på individuelle problemstillingar - eg har allereie gitt beskjed om det til nokre som har sendt meg PM.

Litt av grunnen til at det er nyttig å lese på Freak er for det første at mange her inne har overraskande god kontroll på felleskatalogen og har prøvd diverse medikamenter som dei har hatt forskjellig effekt av. Det er gjort studier på forskjellige medikament men det er ofte store studier der ein har formaliserte 'endepunkt', for eksempel hjertemedisin der endepunktet er død pga hjertesjukdom. Ein kan då seie mykje om kor effekt medisinen er for å hindre slike dødsfall, men studien seier kanskje ikkje så mykje om korleis den enkelte pasienten opplever virkning og bivirkning av medisinen. Det er heller ikkje alle medikament som det blir forska så mykje på, ofte fordi det ikkje er kostnadseffektivt. Det legemiddelfirma tjener best på er medikament som pasienter gjerne står på i mange år. Antidepressiva og antipsykotika er det som er relevant innanfor psykiatri, det som dominerer ellers er nok medisiner mot høgt blodtrykk, kols, astma, atrieflimmer og diabetes. Eit eksempel på noko det ikkje blir forska på (og som eg er skeptisk til har effekt, men det er ei anna sak) er behandling med lavdose naltrekson til pasienter med kronisk muskelsmertesyndrom. Då er det nyttig å få informasjon frå pasientane om kva erfaringar dei har, og gjerne få høre kva erfaringar andre (fast)leger har med slik forskriving.

Det fine med Freakforum er at dei som (mis)bruker legemidler her stort sett ikkje kaster vekk penger på homeopati og placebo-medisiner. Det er fokus på kva som gir best (rus)effekt og den diskusjonen er vanskeleg å finne andre plasser. Leger som jobber innanfor rusfeltet på institusjoner veit nok mykje, men også der er det avhengig av kva slags brukere dei møter. Eldre damer som (mis)bruker Imovane er ikkje ein pasientpopulasjon som ender opp for planlagt avrusing.

Det er stilt spørsmål om hasjbruk og korleis legen forholder seg til det (og annen rusbruk for den del). Som fastlege er mitt fokus på å gi helsehjelp. Det som er kompliserende er dei situasjonane der det er barn eller førerkort involvert. Om ein pasient av meg velger å røyke hasj så er det pasientens valg, eg legger meg ikkje borti det. Eg verken kan eller bør melde frå til politiet om dette, det er godt regulert i forskjellige lover og forskrifter at det skal veldig mykje til før helsepersonell har lov til å bryte taushetsplikt. Om 'anon' over bruker cannabis som kvalmestillende så har eg ikkje noko problem med det, det er eit valg han/ho må ta. Eg kjem dog til å problematisere (overfor)bruk av cannabis og følge opp om dette er beste løysing for pasienten. Men det går som regel an å ha ein prat med fastlegen sin uten at det blir konflikt rundt bruk av rusmidler.

Ei viktig forutsetning her er at pasienten faktisk er ærlig både om kva han/ho bruker og kva han/ho ønsker av fastlegen. Eg (trur eg) lukter lunta raskt dersom nokon prøver å manipulere meg for å få resepter. Samtidig kan eg ikkje konkludere berre etter første møte. Som eksempel hadde eg ein sliten eldre kar som hadde brukt det meste siste 20 år, no hadde han eit overforbruk av stesolid og paralgin forte. Første møte handla om resepter, då avtalte eg at eg skulle fortsette å skrive ut begrensa mengde eit par måneder mot at vi hadde samtaler undervegs og laga ein plan for nedtrapping. Det aksepterte han (no sklidde det heilt ut, men det er ei anna sak) men etter 8 måneder har vi utleveringsavtale med dosett og vi nærmer oss seponering. Great success! Men det er plenty av eksempel på at det ikkje går bra også.

Kom med spørsmål og innspel, så kan eg prøve å svare etter evne og kapasitet.