View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Trådstarter Donor
Det er ikkje smb.conf som er problemet.

Har fått nøsta litt, og kompilerte samba frå scratch (4.5.3). Det ser enkelt og greit ut som debian sin samba er litt for gammal til å snakke fornuft med ny GlusterFS.

Så held på å debianizere samba 4.5.3 no...

Etter å ha nøsta meir i det, så ser det ut som sambaversjonen som er i debian (4.2.14) snakker Gluster 3.3

Når eg installerte gluster brukte eg gluster sine repositories, altså gluster 3.9. Det var gjerne idiotisk av meg, men tankegangen var at når utgjevar tilbyr oppdaterte pakker i repos, og ein så stor aktør som Redhat er med på laget, så er det antakeleg liten risiko.

Vel. Sånn utover at protokollen er ung og endrer seg kjapt. Det var ei setning i gluster-vfs-loggen i samba som fekk meg til å tenke:

Kode

[2017-01-02 14:26:25.695049] I [MSGID: 114057] [client-handshake.c:1437:select_server_supported_programs] 0-marine-client-0: Using Program GlusterFS 3.3, Num (1298437), Version (330)
I utgangspunktet har jo den der severity I, altså information. Det er ingen warnings eller errors i den loggen. Men antakeleg har ein eller anna funksjon endra seg nok til at ting kræsjer.

Med samba 4.5.3 fungerer Gluster ypperleg mot Samba, og problemet er per se løyst.
Sist endret av vidarlo; 3. januar 2017 kl. 20:38. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.