Tråd: Rasister
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Dette er komisk. Fordi folk vil halde hets vekke frå ordskiftet, og sikre likebehandling av mennesker, så er ein for ei einsretting av samfunnet.

Fordi eg vil at homofile og transpersonar skal ha rettar er eg for einsretting? Det er jo tvert imot det motsette. Eg (og mange andre) argumenterar for at folk skal få vere den dei vil, utan å verte hetsa for det. Det er det motsette av einsretting. Det er retten til å vere forskjellig, utan at det skal vere grunnlag for diskriminering.

Du, derimot, er den opplyste frelsaren, som i rustning kjemper tappert mot einsrettinga, ved å preike ca. det som var status quo i 1950.

Beklager, men det framstår som litt reaksjonært. No har eg strengt tatt ikkje tenkt å bruke meir tid på deg, for du har stortsett repetert påstander, med litt modifikasjon, utan å eigentleg svare på innvendingene mine, om å t.d. styrke ytringsfridomen til individ i minoritetsgrupper.