View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Som enkelte kanskje har fått med seg har vi fått bakgrunnsbilete her på bruket.

Dei bileta som pryder funksjonen p.t. er greie nok, men dei er på ingen måte særprega for nFF sin del.

Det ønsker vi å gjere noko med. Så difor inviterer vi folk til å komme med eigne bidrag. Vi legg i utgangspunktet ingen føringer for kva slags bilete det er, både grafikk og fotografi er lov. Du bør gjerne tenke over korleis det vil funke som bakgrunn.

Hugs at bakgrunn er per device, så du står fritt til å komme med bilete som kun vil fungere godt på mobil om du har lyst.

Du må ha rettar til å publisere biletet, og du må lisensiere det under CreativeCommons BY-SA, eller tilsvarande.

Last opp biletet på imma.gr og legg inn lenke her i tråden.

Om ein måneds tid tar vi ei avstemming blant dei ti bileta med høgast KP-tal i tråden
Sist endret av vidarlo; 6. mai 2018 kl. 20:20.