Tråd: Whisky
View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Vil skyte inn en kommentar til DOnTomasso:
Eg skil mellom whiskey og whisky. Whisky betyr for meg ein malt frå skottland, mens whiskey er alt anna korn-basert brennevin framstilt på lignande måte. Skillet er altså reint praktisk.

Eg har viare ikkje så veldig mykje sansen for whiskeys, dog finst det enkelte gode. Jamt over er det ikkje noko eg gidd drikke.

Når det kjem til malt-whiskier derimot, så finn eg rimelig mange eg liker, og en del svært gode. Du treng heller ikkje vere spesielt trent for å kjenne forskjell på to forskjellige. Eg vil våge den påstanden at ein som aldri har smakt whisky vil kjenne forskjell på ein Laphroaig 10yo og ein Laphroaig Quarter cask, sjølv om dei i utgangspunktet burde vere rimelig like. Og dersom du tar t.d Lagavulin vs. ein Dalwhinnie, så er forskjellen så åpenbar at du lukter det på tre meters hold, gjennom en god forkjølelse. Så det er ekstremt stor forskjell på malt-whiskier, så stor at en ikkje skulle tru det var samme utgangspunktet,bare med forskjellige behandling.

Når det er sagt så er en av dei whiskyane eg anbefaler for begynnere Chivas Regal, som er ein blend av malt og grain-whisky. Den er rimelig fin og velbalansert, og koster ikkje skjorta heller.

En anna fin begynnerwhisky er Dalwhinnie, som er svært mild, men samtidig med markant ettersmak. Oban er anna eksempel på en relativt lys og lett whisky.

Når det gjeld mørke ting som Laphroaig, som marken anbefalte, så veit eg ikkje om det er tingen å begynne på ettersom den har veldig markant og karakteristisk smak og ettersmak, med mykje røyk i. Den blir lett for massiv dersom en ikkje har smakt andre før. Dessuten er det ikkje fylla-drikk. Laphroaig _skal_ nytast.

Edit: og vist faen er det mykje snobberi rundt Whisky. Men eg held fast på at laphroaig-vannmugga mi er nice
Sist endret av vidarlo; 26. august 2007 kl. 21:47.