View Single Post
Om det er sort-kvitt eller farge kjem kun an på filmen du puttar i det, alle kamera evnar å skyte begge delar.
Det du tenkjer på er moglegvis at somme eldre linsar har coating på linsane som er best egna til sort-kvitt, og kan gje sjatteringar om du nyttar fargefilm, men det er ikkje noko du ville sett til om du ikkje var klar over det på førehand og aktivt såg etter, så ingen grunn til å uroa seg over.

Som i dei fleste hobbyar er det enkelt å blåsa av for mykje penger før du eigentleg veit kva du vil ha, så eg ville gått for noko billig og enkelt som du kan bruka frem til du veit kva du er ute etter (meir/mindre manuelle kontrollar, innebygd lysmålar eller ikkje, moglegheit for å bytta objektivar osb.).

Til ditt bruk ville eg som Bjønnfaen anbefaler gått for ein Mju II eller tilsvarande kamera med høg kvalitet på objektiv og dugande eksponeringskontroll, eller noko lignande Yashica Electro 35 om du ønskar litt meir kontroll over eksponeringa. Eg ville ikkje uroa meg over byggnadskvaliteten sjølv om dei først og fremst er bygd i plast, dei er bunnsolide kamera. Eg nyttar sjølve eit Mju I, som ikkje er sprutsikkert som II'en, og har hatt det med meg i fleire år på seiling, skikøyring og alpinklatring uten at det nokonsinne har vist teikn på slitasje eller eingong at batteriane ladar seg fort ut i kulda.

Om du er bestemd på å smella til før du veit kva du driv med, så gå i alle fall ikkje for eit M3, men eit M6 som har lysmålar, eller som Doktor Hodebry nevner, er Voigtlander Bessa eit veldig godt Leicaderivat som er litt billigare, men objektiva koster jo det samme då dei bruker samme fatning.