View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av iColdman Vis innlegg
Liberalistene er for legalisering.
Vis hele sitatet...
Men om du diskuterer realpolitik er det fullstendig bortkasta å stemme på dei for legalisering. Dei vil garantert ikkje inngå i regjeringskonstellasjoner etter valet.

Kort sagt er det vel fire-fem aktuelle parti som støtter rusreformen.
  • Venstre
  • MDG
  • SV
  • Høgre
  • Raudt

Kva for eit av dei skal ein stemme? Vel, det som har andre saker ein støtter. Einsaksveljarar vert fort skuffa uansett.

Stemmer du på venstresida er haken at SP og AP er imot rusreformen som foreslått. No har AP tradisjon for å snu i verdispørsmål, og det er godt mogeleg dei snur etter neste landsmøte, altså i 2023.

Stemmer du på høgresida er jo problemet omlag tilsvarande; FRP er sterkt imot, og kjem neppe til å snu med det første.

Liberalistene derimot... det er bortkasta. Det er ikkje plausibelt at det kjem på tinget, og om dei skulle greie å få inn ein person er det ikkje plausibelt at den personen vil inngå i ein regjeringskonstellasjon.

Det beste tipset er å ta ein valgomat hos t.d. NRK, og sjå kva parti du ender opp med. Om det er eitt av dei fem eg har nevnt over så har dei alle uttrykt støtte til reformen, med venstre og MDG som dei tydelegaste tilhengjarane.
Sist endret av vidarlo; 12. september 2021 kl. 12:14. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.