View Single Post
Eit tips til Windowsbrukarar:

Som Jonta referer til, kan ein no installere ein Linux-terminal under Windows, men funksjonene må vere aktivert. Sjå her for guide til dette Det finst andre distroar enn Ubuntu å velge mellom, t.d. Kali, som kan vere fint om du held på med nettverk- og tryggleiksgreier.

Personleg synst eg terminal-teksteditorane er litt kronglete å halde på med, så eg skriv gjerne scripta mine i kodeeditoren eg er mest vant med, som i mitt tilfelle er Sublime. Dette er uproblematisk, heilt til ein skal lagre og køyre scripta.

For det første kan det vere litt knotete å finne att scriptet. Difor er det kjekt å vite at heile Windows-filsystemet er mounta under /mnt/c, og du kan til-og-med skrive script som roter rundt med dette. På same måten er det kjekt å vite at ein kan få tilgang til home-mappa gjennom windows med å gå til %LocalAppData%\Packages\DinDistro\LocalState\rootfs\home\Din Brukar\ Eg ville ikkje pølsa for mykje med det som ligg under rootfs gjennom Windows, då det er fort gjort å kødde noko til.

Om du no har funne scriptet ditt, eller lagra det ein stad i Linux-filsystemet, skulle det berre vere å køyre de slik Jonta forklarer, men nei, det går ikkje. Dette er fordi filer lagra med eit Windows-program har feil linjeendingar i høve til korleis det skal vere i Linux. For å bøte på dette må ein først køyre t.d. dos2unix på fila, som fiksar dette. Gjer det, og tada, du kan no skrive script i Windows-editoren din og køyre dei i Windows subsystem for Linux...

Om du ønsker å lære deg Linux kommandolinja, inkl bash-scripting, kan eg på det varmaste anbefale boka The Linux Command Line av William Shots, som ligg gratis på linken...