View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av Dorullnisse Vis innlegg
Spesifikasjonene er nær identiske og absolutt sammenlignbare. Sjekk her http://911research.wtc7.net/wtc/anal...comparison.gif
Vis hele sitatet...
Irrelevant, og grunnane tok eg opp i forrige innlegg.

For det første. Bekymringa var eit fly tomt for fuel i låg hastighet. Eit tal som er nevnt på sida eg lenka til er 180mph. AA Flight #11 kræsja i nærare 600mph. Likninga for bevegelsesenergi er E=1/2mv^2. Farten utgjer altså ein massiv skilnad. Fuelmengda er ein annan skilnad.

Og det er heller ikkje klart om tårna var designa for å tåle det. Ref. kjelda eg la ut eit par innlegg over var det derimot berekna at tårna ville tåle anslaget - og det gjorde dei jo... Brannen er verre å beregne, og datamodeller for branner har utvikla seg radikalt sidan 60-tallet. Så påstanden om at tårna skulle tåle det er tvilsom - og påstanden om at dei skulle tåle det som skjedde er endå meir tvilsom.

Viare så er det relativt små marginar i mange tilfelle. Hadde flya ikkje tatt med seg firecladding, kunne ting utvikla seg radikalt forskjellig 11. september.

Eg har lenka til kjelder på kvifor du tar feil. Du repeterer at det er samanliknbare fly. Kom opp med noko nytt, takk. Det er litt ekstra ironisk at du anklager andre for å ikkje tenke...

Sitat av liasis Vis innlegg
Ikke nødvendigvis inkompetent men det har i ettertid blitt godt kjent hvordan de ulike tjenestene hadde store problemer med å samarbeide.
Vis hele sitatet...
Utvilsomt. Ein kan diskutere nøyaktig ordlyd, men å kalle dei inkompetente, gitt at målet var å forsvare USA mot trusler, er ikkje å strekke ting ekstremt langt.
Sist endret av vidarlo; 20. september 2018 kl. 21:13. Grunn: Automatisk sammenslåing med etterfølgende innlegg.