View Single Post
uppdali's Avatar
Trådstarter
287
Sitat av xtapolapocetl Vis innlegg
Hva er ditt forhold til arvesynden?
Vis hele sitatet...
Veldig godt spørsmål! Eg går ut frå at du meiner arvesynd som at vi er fødd med synd i oss. Serleg mange lutheranarar og litt meir myrksinna katolikkar er glade i tanken. Det fylgjer med ein legalistisk tradisjon, kvar Bibelen blir tolka litt som juss og synd som eit slags årsreknskap. Ortodokse reknar denne arvesyndi som vranglære, både av di ho kan vera umenneskeleg og fordi ho manglar heimel i tradisjonen. Her er to døme:

1. Mos 8: 21 [ . . . ] Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld;

5. Mos 24: 16 Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; kvar skal lata livet for sitt eige brot.

I ortodoks lære er mennesket opphavleg i rein union med Gud. Så kom syndi og braut fellesskapen vår med Honom. Det einaste arvesyndi er såleis dauden — at vi ikkje lenger er guddomlege. Det var derfor vi fekk Jesus, som både er reint menneske og reint guddomleg. Han er såleis brui over til ein ny fellesskap med Gud.

Sitat av Catchy Vis innlegg
Vokste du opp med din tro eller valgte du den bevisst en gang i ditt liv?
Vis hele sitatet...
Eg vaks opp høveleg sekulært, og foreldri mine er heller bitre mot det meste av organisert religion. Fyrst og fremst vart eg lært å gjera eigne val. Det trur eg au er veldig rett, sidan det er vanskeleg for folk å ha eit personleg forhald til Gud om dei tykkjer det berre er kultur eller plikt. Mor mi er forresten filosof og meiner ho finn att mykji av platonismen i kristendomen, som visstnok er eit kompliment frå ho.

Så, jau, det var mitt val åleine.