View Single Post
Du seier du er ute etter eit norsk svar på Ingmar Bergman. Det finn du ikkje. (Men så finn du ganske enkelt ikkje noko svar på Ingmar Bergman nokon stad i verda)

Ein finn likevel gode filmar i ulike grupper. Ein del er gjerne kritikarrost, utan at det naudsynt er dei beste filmane. Eg ser at mykje av lista er frå etter 2000, men det er kan hende fordi dette har vore den beste perioden frå norsk film.

Her kjem nokre av dei:



Kritikarrost innanlands og utanlands (om enn ofte noko pompøst)
Oslo 31. august (2011)
Reprise (2006)
Lønsj (2008)
De Usynlige (2008)
Hawaii, Oslo (2004)
Sønner (2006)
Tusen ganger god natt (2013)
Blind (2014)

Greie filmar basert på gode bøker
Mannen som elsket Yngve (2008)
Kompani Orheim (2012)
Jeg reiser alene (2011)
Gymnaslærer Pedersen (2012)

Rare kultfilmar og meir sære greier
Nord (2009)
Kunsten å tenke negativt (2006)
Salmer fra kjøkkenet (2003)
Eggs (1995)
Den brysomme mannen 2006
Svidd Neger (2003)
Budbringeren (1997)
Mongoland (2001)

Norsk storfilm, som òg har fått greie kritikkar innanlands
Kongen av Bastøy (2010)
Victoria (2013)
Kjærlighetens kjøtere (1995)
Sist endret av snegler; 16. februar 2016 kl. 19:30.