View Single Post
Shooting expert
BrageP's Avatar
289
Sitat av Marianne Sk Vis innlegg
Jo mere man graver i barnevernssaker, desto klarere blir det at Norge IKKE har et barnevern, og at den etaten som går under navnet "Barnevernet", og alle deres hjelpere, først og fremst vedlikeholder sin egen virksomhet. De bygger på myter om mennesker, spekulasjoner, forlengst tilbakeviste teorier - og makt. Vi trenger et virkelig barnevern!
Vis hele sitatet...
Dette er rett og slett trist lesing. Eg har jobba i barneverntenesta i ein stor norsk kommune i åtte år, og kjenner meg ikkje att i det du skriv.

Eg har først og fremst mine heilt klare tvil om du faktisk har lese ei einaste barnevernsak. Då meiner eg verkeleg lese alle dokumenta i ei heil sak, snakka med barnet, snakka med foreldre, og snakka med andre som står barnet nær. Eg kan forvisse deg om at det er noko heilt anna enn å lese utdrag frå media, gjerne presentert av familien sin eigen advokat - som ikkje har rolla å vere ein nøytral og objektiv aktør i saka.

At ein byggjer på myter i staden for empiri er nytt for meg. For det første er det eit krav om treårig fagutdanning, men mange har meir enn dette. Utdanningsmessig er ein omlag på same nivå som lærarar. Mange tar etterutdanning, og det er stadig intern kursing og veileding for å halde ein høg fagleg kunnskapsbasert standard. Sistnemnde varierer nok frå kommune til kommune, men ikkje kravet om fagutdanning.

Hvis man angripes av barnevernet, må man ikke kaste bort tiden med å argumentere mot påstandene barnevernet bruker og prøve å tilbakevise dem og foreslå fornuftige alternativer.
Vis hele sitatet...
Eg kan forsikre deg om at barneverntenesta ikkje er ute etter å gå til åtak på nokon. I om lag 80% av sakene der det er snakk om born som kan ta skade av omsorgssituasjonen er det snakk om eit konstruktivt og frivilleg samarbeid mellom barneverntenesta og foreldra. Det er heller ikkje uvanleg at foreldra sjølve ber om hjelp.

I resten av tilfella handlar det om dei som ikkje vil ha noko med barneverntenesta å gjere: Stort sett er dette dei grovaste sakene, der ein nesten alltid finn ein eller fleire av følgjande faktorar: Psykiske problem, personlegdoksforstyrringar, rusmisbruk, vald, o.s.b. Dette er samstundes dei sakene der hjelpetiltak ikkje vil ha god nok effekt, det er til barnet sitt beste å flytte, og det meste av kommunikasjonen går gjennom advokat.

Barneverntenesta har då ikkje noko anna val enn å begjære omsorgsovertaking. Det er då ikkje barneverntenesta som rår over utfallet, men fylkesnemnda for sosiale saker. Nemnda er leia av ein dommar/jurist, med ein psykolog og ein lekperson. Kommunen (barneverntenesta) og familien er begge representert med kvar sine advokatar. Berre i dei sakene der fleirtalet i nemnda samtykkar, kan det verte snakk om omsorgsovertaking. Og sjølv om det vert omsorgsovertaking, kan foreldre krevje omsorga tilbake etter to år(!)

Les selv på forhånd, så du er forberedt på taktikkene de bruker! Det er ikke slik at det de driver med, er dyp vitenskap og kunnskap som andre ikke har, tvert imot.
Vis hele sitatet...
Dei har faktisk ei utdanning og ei erfaring som gjer dei betre skikka enn andre til å gjere den jobben dei gjer.

Opplæring og praksis fører galt av sted. Og tragediene kommer til å fortsette inntil det norske folk slutter å godta all verdens "forklaringer" og påstander om "barnets beste".
Vis hele sitatet...
Eg skal ikkje vere steil og argumentere for at det aldri skjer feil. Feil skjer i alle yrkesgrupper: Kirurgar gløymer sakser inne i pasientar, bussjåførar krasjar bussen, folk som jobbar i butikk surrar med vekslepengar, o.s.b.

Som i alle yrkesgrupper finst det sikkert òg folk som helst burde hatt anna arbeid. Dette er ikkje etter mi meining ikkje særleg typisk for barneverntenesta, men igjen noko ein finn i alle yrke. Det som derimot er typisk er at ein gjerne hamnar i avisa dersom ein gjer feil.

Men å feie ei heil yrkesgruppe under éin kam er etter mitt syn eit feilsteg: Barneverntenesta gjer faktisk vanvittig mykje bra, og eg veit at mange der ute er takksame for den hjelpa dei har fått.

I løpet av den tida det moderne mennesket har funnest har vi om lag 40.000 generasjonar, så med tanke på dei sterke sosiale og biologiske banda som finst mellom foreldre og born det er ingen tvil om at det er opprivande å verte skild frå foreldra, same kor dårleg borna har vorte handsama og same om dei på sikt vil få mentale mein livet ut av det: Til og med incestoffer saknar fedrene sine, så groteskt som det kan høyrest ut, men det betyr ikkje at ein blindt skal følgje det biologiske prinsippet og la born vekse opp med overgrep. Då er det faktisk ingen som er betre kvalifisert enn barnevernet som kan gripe inn.

Dette vart heller langt, og på grunn av eksamenslesing har eg ikkje tid til å svare deg.