View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av NodSquad Vis innlegg
Eller russerne går amok og avsetter fyren. Tror ikke det er noen vei tilbake for Putin. Derfor er det jævlig skummelt at atomkrig har blitt hverdagssnakk
Vis hele sitatet...
Eg har null tru på atomkrig. Om Kreml hadde ønska å angripe Nato hadde det vore mange påskot for det som er betre enn påskota dei hadde for å angripe Ukraina. Dei kunne t.d. sendt 2-3 kryssermissil mot Rzeszow-flyplassen - og poff, NATO hadde vore involvert.

Kreml har trekt styrkar vekk frå NATO-grensa, og inn i Ukraina. Dei vil ikkje ha konflikt utanfor Ukraina - fordi dei veit det er ei tapt sak. Difor vil dei heller ikkje bruke atomvåpen: USA har hinta ganske kraftig om at det vil føre til amerikansk involvering i Ukraina - og kommentatorer har spekulert i om det kunne føre til at t.d. den russiske svartehavsflåten vart senka, til at USA ville gå militært inn i Ukraina og lempe Russland på dør.

Atomvåpen er avskrekking. Einaste grunnen til at andre land ikkje støttar Ukraina i større grad enn dei gjer er trugsmålet om atomvåpen. Den dagen Russland bruker atomvåpen mister den tenna sine. Då har ikkje andre land noko å tape lenger - og det er heller ikkje eit alternativ å gje etter for atomvåpen, for då er neste krav frå Kreml plusteleg landkorridor til Kaliningrad - eller tilsvarande.