View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Sitat av vindaloo Vis innlegg
Point being
Jeg syns å finne noe av den samme holdning hos admin og crew. At de gjerne responderer med sånn skal det være
for sånn har det alltid vært. Det meste er jo tjent med å utvikle seg i takt med tiden og brukeren. Et forum også vil jeg tro.
Vis hele sitatet...
No har eg vore på begge sider. Eg har vore admin, og kru, her på sjappa ganske lenge - og eg ga meg med det i nyare tid. Det gjer at eg veit sånn omlag kva som rører seg på innsida.

Eg er ikkje einig. Det var regelmessige diskusjoner om policy i den tida eg var aktiv, og ut frå det eg har sett av kommunikasjon utad er det fortsatt regelmessige diskusjoner om det - basert på endringer i moderering som kan observerast.

Det er imidlertid ting som har skjedd med nettet dei siste tjue åra. Ting som Discord har tatt over for mykje, og ein del har flytta seg til Facebook. Atter andre subkulturer har meir eller mindre forsvunne, og Noreg er for lite til å ha spesifikke fora for ein del av det; dei folka har forsvunne til internasjonale fora.

Reddit har redefinert debattarena for tradisjonelle forum, med subreddits som alle kan opprette. T.d. er /r/Norge levande subreddit som ikkje eksisterte i 2005.

Så det er for enkelt å sei at nFF ikkje fornyer seg. Ja, det er heilt sikkert ting som kunne vore gjort på andre måter. Det er det alltid. Men nFF har tilpassa seg brukermassen i større grad enn brukermassen har tilpassa seg nFF.

Sånn rundt 2010, når eg kom inn i kru, var reglane absolutte. Prøvde du å diskutere, forsvant du. Det var relativt lite rom for å utfordre dei. I dag? Mi oppfatning er at kru faktisk lytter og diskuterer.

Så får nso tilgi at eg utleverer det som skjedde på innsida av klosteret