View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Tipper problemet er at du stiller samme spørsmålet - som vil ha identisk svar - med litt andre ord. For å ta eksempelet ditt med bil. Du vil kjøpe deg dyr tysk bil - og da er ikkje det veldig relevant for kostnad om bensinprisen er 20,- eller 25,-, og det var heller ikkje drivstoffpris som var bjelken i svara du fekk.

Kanskje det er forventa at du kan ta svar du fekk, vurdere dei, analysere korleis ny informasjon påverkar svaret, og forsøke å gjere den øvelsen uten at folk held deg i handa? Det er eit diskusjonsforum, ikkje eit forum for å gje deg detaljanalyser av alle helvetes trivielle livsvalg du måtte ha.

Som Tias er inne på såg det heller ikkje ut som du leste svar du mislikte i tråden om bil; du ville ha stadfesting på at du tenkte rett, ikkje rasjonell argumentasjon...
Sist endret av vidarlo; 23. mars 2022 kl. 11:35.