View Single Post
Trigonoceps occipita
vidarlo's Avatar
Donor
Først og fremst er det ei ekstrem begrepsforvirring i innlegget ditt.

Alternativet til UPNP er statiske portforwardinger til dingser bak NAT. Dvs. at du manuelt seier at port 8080 skal peike til t.d. 10.0.1.27. Om du har to dingser som NATer må du mappe porten viare frå første dings til andre dings, og deretter til den tenesta som har behov for det.

PPPoE har ingenting med UPNP å gjere. PPPoE er enkapsulering av TCP/IP i PPP over Ethernet. Meg bekjent bruker ikkje altiboks det.

PPTP er ein VPN-protokoll frå Microsoft, og L2TP er ein tunneleringsprotokoll som er mykje brukt til VPN. Nettverksmaske og standard gateway har ingenting med 8.8.8.8 og 8.8.4.4 å gjere, som er IPen til to offentlege DNS-tenarar frå google. Hverken DNS, nettmaske, standard gateway eller VPN har noko som helst med UPNP å gjere.

Så kva prøver du å oppnå? Det er betre at du forklarer problemet ditt, og lar folk som forstår nettverk fortelje deg rett framgangsmåte, enn at du drar inn alle mogelege irrelevante ting som ikkje har relevans.
Sist endret av vidarlo; 7. desember 2018 kl. 12:19.